Sunday, July 15, 2007

Strandliv




For to dagar sidan kom vi til Ko Samet, eit paradis paa jord. Vi har ein bungalow rett ved stranda, og badar heile tida. Temperaturen ligg rundt 30 grader heile doegnet, og det gaar jo an aa leve med. Ungane har kjoept seg flytemadrasser og andre badegreier, og surfer paa boelgene. Dei har oppdaga at det gaar an aa leike med andre barn sjoelv om dei ikkje forstaar kvarandre. Har leika ganske mykje med saerleg ei jente dei siste dagane. Utanom badinga er det ikkje mykje aa finne paa, men det er greit foreloepig. Vi har kjoert bil til den stoerste byen paa oeya (som ikkje er stor i det heile tatt). og vegane er heilt forferdelige, det er saa vidt det gaar an aa kjoere. Vi sat bakpaa planet og klamra oss fast. Ungane er ofte opptekne av dei smaa tinga, saerleg Froeya. Midt i Angkor Wat: "Se, en maurvei!" Det er eit yrande dyreliv overalt. I gaar saag eg ein stor slange! Hjelp! Og saa saag vi masse kolibriar i eit tre. Det var goey, trudde foerst det var store insekt, men saa saag vi at det var bitte smaa fuglar.

Soelvi

Tillegg:
Edderkoppen paa biletet heng 4 meter over oss og er ca 15 cm lang inkl bein.

No comments: